DAT hadde ein kabinfaktor på 58,3% på Osloruta i veke 8. 336 personar nytta seg av Osloruta denne veka.

Me ventar no i spenning på at Samf.dep. skal lysa ut eit nytt statleg anbod på ruta med 2 daglege rotasjonar mandag-fredag samt søndag. For tida flyg DAT eit sterkt redusert flyprogram på strekninga.

Frå og med 01. mars vert det store endringar i ruteplanen då flyet som er stasjonert på Stord lufthamn også skal flyga rute mellom Ørlandet og Oslo.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :