I dag er det 50 dagar til Stord Airshow 2023, noko me markerer med ei oppdatering av deltakarlista.

Frå Biltema kjem to legendariske fly frå andre verdskrig, Spitfire og P-51 Mustang. Dei to ikoniske flya bidrog til at dei allierte vann krigen i lufta og er elles kjend for den flotte lyden frå sine Rolls Royce Merlin motorar. Begge flya flyg oppvisning under Stord Airshow.

I tillegg deltek Haugaland Modellklubb med fleire av sine modellfly. Dei stiller ut ulike propell- og jet-turbindrevne modellar og vil sjølvsagt vise fram fleire av desse i lufta.

Me runder av denne oppdateringa med Stord Flyklubb, som vil stille ut fleire av sine mikrofly under arrangementet. Desse nyttast ofte til skuleflyging ved lufthamna.

Meir info finn du her

Stikkord :
Del innlegg :