Fylkestinget vedtok tysdag å fornye avtalen med Sunnhordland Lufthavn AS om tilskot til drifta av Stord Lufthamn. Tilskotet frå fylkeskommunen utgjer ein vesentleg del av inntektene på flyplassen.

I budsjettet for 2024 har Vestland fylkeskommune budsjettert med ein kostnad på 27 millionar kroner, og dermed teke omsyn til forventa auka kostnader i samband med reetablering av driftsorganisasjonen ved lufthamna, seier fylkesordførar Jon Askeland.
 
Sunnhordland Lufthavn AS er eigd av Stord kommune (79%) og Vestland fylkeskommune (21%) og har som føremål å drive Stord Lufthamn. Hovudoppgåva for flyplassen er å legge til rette for rutedrift og anna flyaktivitet.

Tre millionar meir i 2024

Stord Lufthamn kjem 1. april under dei såkalla FOT-rutane, som er anbodsutsette flyruter med offentleg driftsstøtte for å ivareta det regionale flytilbodet. Frå ny periode (2024-2028) skal Danish Air Transport (DAT) opere rutene til og frå lufthamna. 

I 2023 har Samferdselsdepartementet ytt eit tilskot til fylkeskommunen på omlag 24 millionar kroner til drift av Stord Lufthamn. Etter ei tid med redusert drift på Stord Lufthamn er det behov for å byggje opp organisasjonen slik at den vert tilpassa drift av FOT-ruter frå 01. april 2024.

Ny avtale til mars 2028

Som ein del av regionreforma har fylkeskommunane overteke ansvaret for å yte tilskot til ikkje-statlege flyplassar.
Tilskot til drift av ikkje statlege lufthamner ligg inne i rammetilskotet frå staten til fylkeskommunane, så i praksis er den delen av løyvinga ei vidareformidling av statlege pengar til lufthamn som ikkje er drifta av staten gjennom Avinor. For seinare år er det lagt opp til at tilskotet til lufthamna skal dekkast av overføringane frå staten.
Sal av flybillettar, flyplassavgifter og ein liten pott på anna sal utgjer dei andre inntektene flyplassen har til å dekke kostnadane med drift. 
 
Tidlegare hadde Sunnhordland Lufthavn AS avtale om kompenasjon direkte med staten, men i samband med regionreforma vart det i 2021 inngått avtale mellom Vestland fylkeskommune og Sunnhordland Lufthavn AS. Gjeldande avtale går ut i mars, og ny avtale gjeld for perioden 01.april 2024 til 31.mars 2028.

Foto: Jørgen Myklebust

Stikkord :
Del innlegg :