Kundeservice : +47 53 40 37 00

Kjøretøy som vert nytta på rullebane, taksevegar eller på oppstillingsplass for fly skal alltid ha på roterande lys eller naudblinklys.

Før utkjøring på rullebane, takseveg eller oppstillingsplass gjeld følgjande:

– Stopp alltid føre stoppskilt / gul sperrelinje.

– Kontakt tårnet via radio eller telefon 53 40 37 10 og be om løyve til å kjøra ut på rullebane, takseveg eller oppstillingsplass. Oppgje ditt kallesignal (radio) eller telefonnr.

– Ved OK frå tårnet, kjør forsiktig fram og stopp før utkjøring på rullebane. Sjå til høgre og venstre at rullebane er klar.

– Dersom du kjører av rullebanen, skal du alltid kontakte tårnet og be om løyve før retur på rullebane.

– Kjøretøy skal ikkje komma nærare fly på oppstillingsplassen enn 20 meter utan løyve frå tårnet.
– Dersom ein finn gjenstander på rullebane eller oppstillingsplass, har ein plikt til å fjerne dette straks og gje melding til tårnet om slike funn.

Fartsgrense på heile flyoppstillingsområdet er 30 km/t, på rullebane og internvegar 50 km/t.

Det er ikkje høve til å kjøra på andre områder enn det som ligg i formålet med kjøretøystillatelsen, flyoppstillingsplass, rullebane eller taksebanar, utan at det er gjeve klarsignal frå tårnet.

Underteikna sjåfør er og gjort kjend med reglar som omhandlar kjøring på Stord lufthamn.

Ved misbruk vert kjøretøystillatelse og midlertidig adgangskort drege inn. Ny kjøretøystillatelse og midlertidig adgangskort vert ikkje utstedt.