Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland stilte spørsmål til Samf.ministeren om kva han ville gjera med søknaden om å få flyruta Stord-Oslo innlemma i statens FOT-rute tilbod.

Ministeren har no svara. Han viser til at Osloruta no har vore inkludert i det mellombelse pandemirelaterte kjøpet av tidlegare kommersielle ruter (minstetilbodskjøpet) sidan 01. april 2021. Staten har for perioden april-desember 2021 støtta ruta med omlag kr 9,3 mill. Ruta er frå oktober 2021 den einaste attverande strekninga i minstetilbodskjøpet.

Statleg kjøp av flyrutetenester har fram til pandemien vore avgrensa til ruter til og frå lufthamnene som er ein del av Avinor-nettverket. Stord lufthamn får i dag støtte frå Vestland fylkeskommune til drift av lufthamna.

Samferdselsdepartementet si faglege vurdering er at flyrutebehovet i regionen er godt dekka gjennom rutetilbodet i Haugesund og Bergen. Eg kan ikkje sjå at det på det noverande tidspunktet er grunnlag for å inkludera ruta til Stord i den ordinære kjøpsordninga. Også det mellombelse kjøpet vil verta avvikla frå 01. januar 2022. Ei eventuell utviding av FOT-ruteordninga utover det verkeområdet ho har hatt hittil, til og frå Avinor sine lufthamner, er meir naturleg å vurdere ved rullering av kontraktane for dei ordinære kjøpsrutene.

På biletet ser vi stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) og ordførar i Fitjar Harald Rydland (KRF).

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :