2 av Luftforsvaret sine overvakningsfly av typen Dassault DA-20 Jet Falcon, passerte fredag over lufthamna, under ein siste rundtur over Sør-Noreg.

Dei to flya med namna «Hugin» og «Munin» vart kjøpt inn til Luftforsvaret i 1972 for å driva overvakning og elektronisk krigføring. No skal dei pensjonerast etter 50 år i teneste, og vert erstatta av dei nyinnkjøpte P-8 Poseidon flya som vert stasjonert i Nord-Noreg.

Luftforsvaret hadde 3 Jet Falcon fly i teneste, der det eine vart nytta til VIP og kongelege oppdrag. Dette flyet vart seld i 2017. 

Flya, som tilhøyrde 717 skvadronen, hadde base på Oslo lufthavn – Gardermoen.

https://youtu.be/y32i3miUYj4 

Foto og video: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :