Luftforsvaret har varsla at dei har som intensjon å delta med det toppmoderande jagarflyet F-35 på Stord Airshow 2025, gitt at dei ikkje vert hindra av operative eller vêrrelaterte årsaker. Dette vert fyrste gong F-35 visar seg fram for publikum på Stord, og fyrste gong Luftforsvaret tek del i flyprogrammet på Stord med eit jagarfly, sidan 1991.      

Politiets Helikopterteneste har og planar om å koma til Stord Airshow for fyrste gong. Igjen med atterhald om endringar grunna operative eller vêrrelaterte årsaker. Politiet ynskjer å stilla ut eit av sine moderande Leonardo AW169 helikopter på statisk utstilling.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :