Reisetips

Reisetips

Interline billett

Ein interline-billett (til dømes mellom DAT og SAS) betyr at to ulike flyselskap samarbeider om éi samanhengande reise, sjølv om dei er separate selskap.

Kort forklart:
Med ein interline-billett kan du:

  • Reise med DAT på eitt strekk og SAS på neste, på same billett
  • Få bagasjen sjekka heilt fram til endeleg destinasjon
  • Bytte fly utan å hente bagasje (t.d. ved Oslo Lufthavn, Connecting Norway)
  • Berre forholde deg til éi booking og eitt reisedokument

Viktig å vite:

  • Dette gjeld berre dersom billetten er kjøpt som éin samanhengande billett
  • Kjøper du to separate billettar, er det ikkje interline – då må du hente bagasje og sjekke inn på nytt
  • Ved forseinkingar har selskapa betre moglegheit til å hjelpe deg vidare når reisa er interline

Eksempel:
Du flyr Stord–Oslo med DAT, og vidare Oslo–London med SAS på same billett. Då er dette ein interline-reise.

 

Dersom du skal booke interline billett, må du booke heile reisa frå f.eks www.sas.no, www.finnair.no, www.wideroe.no, www.wideroe.no, www.qatarairways.com, www.emirates.com

Domestic Transfer

Connecting Norway:
Connecting Norway er eit servicetilbod (og ei prøveordning) på Oslo Lufthavn som gjer det enklare å mellomlande frå ein internasjonal flyvning til ein innanlands flyvning i Norge. I praksis betyr det at du som passasjer:

Slepp å hente innsjekka bagasje i bagasjehallen når du kjem frå utlandet og skal vidare med eit fly innanlands. Bagasjen din blir sendt direkte til den endelege destinasjonen dersom du har gjennomgåande billett (ein billett for heile turen).

Kan gå rett til innsjekk/avgang for det innanlandske flyet utan å måtte gå ut til ankomsthallen, hente bagasje og innsjekke på nytt.

Ordninga «Connecting Norway» blir også kalla Domestic Transfer ved Oslo Lufthavn.

Dette gir ein smidigare og raskare overgang mellom fly, og er spesielt nyttig når du har kort tid mellom to flygningar. Ordninga gjeld kun dersom du har ein interline-billett (ikkje to separate billetter) og at bagasjen er merkt heilt til slutt-destinasjonen.