Det føreligg ei positiv innstilling i saka som skal handsamast i fylkesutvalet onsdag 11. januar.

Fylkesdirektøren meiner at det kan vere naudsynt å bidra til etablering av eit minimumstilbod på 12
rundturar pr veke i ein overgangsperiode på 3 månader, slik at det vert tid til å få avklart staten si
rolle i drift av flyrutene til og frå Stord Lufthamn.

Som medeigar i Stord Lufthamn og ein viktig aktør i næringsutvikling dekker Vestland
fylkeskommune inntil 50 % av kostnadane med kjøp av flyruter mellom Stord og Oslo i perioden
15.02.2023 – 15.05.2023. Bidraget frå fylkeskommunen skal ikkje overstige 750 000 kroner.

Frå før har kommunestyret i Stord gjort positivt vedtak i saka.

Foto: Jan Morten Myklebust

Stikkord :
Del innlegg :