Mandag 23. september vart det arrangert ei stor katastrofeøving på Stord lufthamn, Scenarioet gjekk ut på at DAT sitt rutefly frå Oslo til Stord rapporterte om røykutvikling ombord i flyet ca. 20 minuttar før landing.
Lufttrafikktenesta varsla naudetatane slik at politi, brann og helse var framme på lufthamna like før flyet skulle landa. Etter landinga aksjonerte hjelpemannskapa og fekk etter ei tid slukka brann og redda ut personane som var ombord i flyet. Dei skadde vart så teke hand om av helsepersonell.
Etter øvinga vart det føreteke ei evaluering i terminalbygget. Samtlege av etatane som deltok i øvinga var samde om at det var ei god og lærerik øving.
Lufthamna arrangerar slike større øvingar annakvart år.
Foto: Thomas A. Hjelmen