Tirsdag 25. mars kom leiar i senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum på besøk til Stord lufthamn. Med på turen til Stord var også Per Martin Sandtrøen og Erlend Kvittum Nytrøen. Per Martin og Erlend er rådgjevarar for Trygve. Jakob Bjelland frå senterpartet på Stord deltok også på møtet. Representantar for senterpartiet i nabokommunar var også tilstades.
På veg til senterpartiet sitt landsmøte i Haugesund la Vedum turen innom Stord lufthamn for å høyra meir om den positive trafikkutviklinga som lufthamna har hatt etter at flyruta Stord-Oslo vart inkludert i dei statlege FOT-rutene.
På lufthamna fekk Trygve ei orientering av lufthamnsjef Jan Morten Myklebust og styreleiar Dag Aksnes. Senterpartiet lova å jobba hardt for at Osloruta vår også vert inkludert i det neste statlege anbodet gjeldande frå 01. november 2027 og 4 år fram i tid.
Foto: Thomas A. Hjelmen