Den siste veka har det vore travelt i luftrommet til Stord lufthamn. Lufttrafikktenesta registrerte onsdag 26. august heile 62 flybevegelsar. (Ein flybevegelse vil seie ei landing, ein avgang, eller ei gjennomflyging med eit luftfartøy.)
Totalt var heile 19 ulike fly og helikopter innom luftrommet til luftufttrafikktenesta denne dagen. Mellom anna landa det fly frå flyklubbane på Jæren, Karmøy, Stord og Flesland på Sørstokken, i tillegg til fleire privatfly, samt ruteflyet til DAT.
Totalt har lufttrafiktenesta registrert 209 flybevegelsar dei siste 7 dagane.
På bilete kan ein sjå eit par av dei, i form av to fly frå Jæren Sportsflyklubb, som landa i formasjon på rullebanen i går.
Foto: Thomas A. Hjelmen