Stord lufthamn fekk i går besøk av eit helikopter av typen Leonardo AW139. Helikopteret er eigd av danske Blackbird Air, som med base i Billund opererer VIP flygingar med fleire businessjetfly, samt dette VIP helikopteret.
Bakgrunnen for besøket i går var at det i desse dagar blir gjennomført testing av eit nytt system som skal hindra isdannelse på helikopter. Helikopterprodusenten Leonardo har utvikla FIPS (Full Ice Protection System), som vil seie at rotorbladene på luftfartøyet har innebygd varmeelement. Desse er effektive heilt ned mot -40 grader.
Ein representant frå Luftambulansen var med om bord på testflyginga, då systemet skal vurderast av Luftambulansetenesta med tanke på eigne helikopter. I tillegg var ein representant frå Meteorologisk institutt om bord.
Dei siste to dagane har mannskapet gjennomført fleire flygingar i områder der det er fare for isingsforhold. Etter testinga landa helikopteret på Stord for å etterfylla drivstoff, før dei returnerte til Billund via Stavanger lufthamn – Sola.
Foto: Thomas A. Hjelmen