Svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Nyhende

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland stilte spørsmål til Samf.ministeren om kva han ville gjera med søknaden om å få flyruta Stord-Oslo innlemma i statens FOT-rute tilbod.

Ministeren har no svara. Han viser til at Osloruta no har vore inkludert i det mellombelse pandemirelaterte kjøpet av tidlegare kommersielle ruter (minstetilbodskjøpet) sidan 01. april 2021. Staten har for perioden april-desember 2021 støtta ruta med omlag kr 9,3 mill. Ruta er frå oktober 2021 den einaste attverande strekninga i minstetilbodskjøpet.

Statleg kjøp av flyrutetenester har fram til pandemien vore avgrensa til ruter til og frå lufthamnene som er ein del av Avinor-nettverket. Stord lufthamn får i dag støtte frå Vestland fylkeskommune til drift av lufthamna.

Samferdselsdepartementet si faglege vurdering er at flyrutebehovet i regionen er godt dekka gjennom rutetilbodet i Haugesund og Bergen. Eg kan ikkje sjå at det på det noverande tidspunktet er grunnlag for å inkludera ruta til Stord i den ordinære kjøpsordninga. Også det mellombelse kjøpet vil verta avvikla frå 01. januar 2022. Ei eventuell utviding av FOT-ruteordninga utover det verkeområdet ho har hatt hittil, til og frå Avinor sine lufthamner, er meir naturleg å vurdere ved rullering av kontraktane for dei ordinære kjøpsrutene.

På biletet ser vi stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) og ordførar i Fitjar Harald Rydland (KRF).

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :

FOT-rute

Del innlegg :

Send oss ein mail

Lokasjon

Flyplassvegen 344, 5410 Sagvåg

Opningstider

Mandag 05:30 – 18:00
Tir-fre 08:00 – 19:00
Lørdag – Stengt
Søndag 14:30 – 19:00

Nyhetsbrev

Ønskjer du å halde deg oppdatert? Registrer deg her for å få tilsendt nyheitsbrevet vårt.

Copyright © 2022 Stord Lufthamn.

Informasjon rundt Korona

Etter at Covid-19-pandemien kom til Norge har me innført ei rekke smitteverntiltak på Stord Lufthamn. Etter kvar flyavgang desinfiserer me alle kontaktflater. Me har handsprit lett tilgjengeleg og ber alle til å sprita henda ofte. I tillegg har me skilt og markeringar med anbefaling om å halde avstand. Under flyavgang/-ankomst, der det kan vera vanskeleg å halde god nok avstand ber vi alle over 12 år om å bruke munnbind.

Munnbindet tas på før ein kjem inn i terminalen. Det behaldast på gjennom sikkerhetskontrollen, ut i flyet og under heile flyturen. Ved ankomst ber vi deg om å behalde munnbindet på deg når du kjem ut ifrå flyet, når du hentar bagasjen og til du har kome ut frå terminalen.

Om du treng fleire munnbind er det mogleg å kjøpe det hos oss.

Velkomen til ei trygg reise.

 

Since the Covid-19 pandemic has arrived in Norway we have introduced a number of measures to prevent spreading of infection in Stord Airport. We disinfect contact surfaces after each departure. We have hand disinfection easily available, and we advise everyone to use it frequently. Further we have signs and markings advising to keep distance. When it may be difficult to keep a safe distance, such as upon departure or arrival, we request that everyone over the age of 12 uses a face mask.

We request that the face mask is put on prior to entering the terminal. Keep it on through security, out to the aircraft, and during the entire flight. Upon arrival we request that you keep your facemask on when disembarking the aircraft, collecting yor bags, and until you have exited the terminal.

If you need more face masks, you can purchase them from us.

Welcome to a safe travel.