Kundeservice : +47 53 40 37 00

Selskapet har sendt søknad til Vestland fylkeskommune om å få løyve til å oppretta flybussrute til og frå Stord lufthamn, Sørstokken.

Ruta er tenkt å gå frå Rommetveit via Leirvik AS- Leirvik kai – Stord/Almås Hotell – Aker – Heiane – Sagvåg – Stord lufthamn og attende. Ruta vil verta lagt opp slik at den korresponderar med DAT sine rutetider på Osloruta.

Lufthamnadministrasjonen er positiv til prosjektet og vonar at fylkeskommunen er positive til søknaden frå Sunnhordland Transportsentral AS.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :