I mars nytta 5.223 personar seg av Osloruta til DAT. Samanlikna med samme månad i fjor utgjer dette ein auke på 863 personar eller 19,8%. Kabinfaktoren i mars i år var på 82%.
Fyrste kvartal i år har til saman 14.020 personar nytta seg av Osloruta. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 2.366 personar eller 20,3%. Kabinfaktoren var fyrste kvartal i år på 77%
Årsaka til den positive trafikkutviklinga er at flyruta Stord-Oslo no er ein del av dei statlege FOT-rutene noko som betyr rimelege billettprisar, gode rutetider og god frekvens.
Foto: Stord lufthamn