Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H):

Flyruta Stord-Oslo har opplevd krevjande tider gjennom koronapandemien, og dette har gått ut over flytilbod med dårlege slott-tider for dei reisande, noko som igjen gir dårleg frekvens og passasjergrunnlag.

Vil departementet bidra til at ruta Stord-Oslo får tilbake sitt ordinære passasjergrunnlag med å lyse ut ein ny 6 mnd kontrakt på denne flyruta?

Begrunnelse

Staten si støtteordning for kjøp av flyruter på Stord-Oslo gjekk ut ved årsskiftet, noko som medførte ei forværring av rutetilbodet ettersom operatøren DAT, som til då hadde hatt anbodet, måtte nedskalere og omprioritere sine fly og ressursar. Trass dårlegare tilbod og flytider, har likevel dei attraktive avgangane hatt god oppslutning hjå publikum, medan dei tidene som ikkje tener næringsliv har hatt lågare passasjerdekning.

Departementet er no blitt gjort kjend med at DAT på ny må gjera omprioriteringar, noko som på ny vil gje eit ytterlegare dårleg tilbod for dei reisande mellom Sunnhordland og Oslo. Dei nye rutetidene skal gjelde frå 1. mars 2022.

Vi vonar difor at departementet ser at staten må spele ei viktig rolle med å bidra til flykjøp for å få passasjergrunnlaget opp på eit meir normalisert nivå i denne perioden vi no er inne i, der næringslivet prøver å kome attende til ein normal kvardag, og der infrastrukturen som flyrutene er, spelar ei viktig rolle for å få dette til.

Basert på at det er sett av pengar til å vurdere kjøp av flytenester, og den forverra frekvensen DAT legg opp til, ber vi departementet stadfeste at dei ser at flyruta Stord-Oslo har trong for statleg hjelp til å etablere eit tenleg rutetilbod, og at departementet lyser ut denne strekninga snarast.

Stikkord :
Del innlegg :