RUNAR ØVREBØ:

Eit kjend fjes og ikkje minst ei kjend røyst for alle som har vitja eller delteke på lokale idrettsarrangement. Runar har mellom anna vore speaker for Sunnhordland Løpsfest, Flyplassmila, Handballfestivalen, Stordleikane m.m. Forutan dette er han lærar i Fitjar kommune, gift og har tre born. Laurdag 31. mai debuterer Runar som speaker på eit flystemne, der deltakarane vil ha eit enno høgare turtal enn dei han er speaker for til vanleg.

ROLF LILAND:

Rolf Liland er ein av landets mest kunnskapsrike når det kjem til flyging og luftfart. Han byrja si luftsportskarriere som 16-åring i Bergen Fallskjermklubb, og har sidan tenestegjort som F-16-flygar på 331 skvadron i Bodø, flyinstruktør ved Euro-NATO flyskulen i Texas, og vore flygar på MD-80, Boeing 737 og Airbus A320 i SAS. På fritida har Rolf vore redaktør i Flynytt og president i Noregs Luftsportsforbund, samt hatt flysikkerheitsverv i Norsk Flygarforbund. Han er ein stor tilhengjar av luftfartsmuseum og flystemner, og har lang erfaring som speaker på mange av landets flyarrangement. Laurdag 31. mai er han for fyrste gong speaker for Stord Airshow.

For meir info sjå http://www.stordairshow.no

Stikkord :
Del innlegg :