SAMFERDSELSDEPARTEMENTET,

v/samferdselsmininister Jon-Ivar Nygård

Postboks 8010 DEP

0030 OSLO


                                                                                                                 08.09.2022  

Søknad om å få flyruta Stord – Oslo utlyst som ei midlertidig FOT-rute

Viser til møte me nyleg hadde med statssekretær Jakob Bjelland og leiar av Transport- og Kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande.

Som det kom fram på møtet har DAT no signalisert at dei vurderar å trekka seg som flyoperatør på flyruta Stord-Oslo innan utgongen av september d.å. med mindre ruta vert lyst ut på eit nytt midlertidig anbod.

Visar vidare til positive innspel til høyringa som Samf.dep. og Vestland fylkeskommune hadde ute i samband med nye kjøp av FOT-ruter gjeldande frå 01.04.2024. Samtlege av høyringsinnspela konkluderar med at flyruta Stord-Oslo må inkluderast i den neste utlysinga av FOT-ruter som Samf.dep. snart skal lysa ut.

Me søkjer med dette om snarast å få flyruta Stord-Oslo utlyst som ei midlertidig FOT-rute for ein periode på 6 månadar. I løpet av denne perioden vil Samf.dep. ha avklara om Osloruta vår skal lysast ut i det nye anbodet deira på FOT-ruter med oppstart frå 01.04.2024.

Me ynskjer ein ruteplan med 12 rundturar pr. veke. 2 rundturar pr. dag mandag-fredag samt 2 rundturar søndag. Me ynskjer samme rutetider som ved tidlegare utlyste anbod.

Eit samla Storting vedtok i 2021 å innlemma flyruta Stord-Oslo i statens flyrutekjøp og flyruta vart såleis lyst ut på staleg anbod over 3 perioder i 2021. April-juni, juli-september og oktober-desember. DAT vann samtlege anbod. Me hadde ein god dialog med Samf.dep. og alle hadde me stor tru på at eit nytt statleg anbod ville verta lyst ut like over nyåret. Midlar vart foreslått sett av til første kvartal 2022, noko Stortinget slutta seg til, jf. Prop. 51 S (2021-2022), Innst. 119 S (2021-2022). Skuffelsen var såleis stor då me fekk tilbakemeldinga frå Samf.dep. om at det ikkje ville verta lyst ut noko nytt statleg anbod på Osloruta vår.

DAT var klare til å trekka seg ut som flyoperatør på Osloruta, men valde å halda fram flyginga med eit sterkt redusert flyprogram grunna ny avtale med Forsvaret om å operera flyruta Ørland-Oslo. DAT opererar no flyruta Stord-Oslo for eiga økonomisk risiko. Flyselskapet har redusert antal rundturar pr. veke på ruta. 

DAT nyttar flyet som til dagleg er stasjonert på Stord luthamn til å operera Ørlandruta. Dette har medført store negative endringar i rutetidene på Osloruta vår. Morgonflyet på mandag har no avgangstid frå Stord kl. 06.15 mot tidlegare kl. 07.00. Dette betyr at reisande frå Kvinnherad som reiser til Stord med hurtigbåt ikkje lenger når morgonflyet. Pendlarar som tidlegare nytta morgonflyet frå Oslo kl. 09.30 til Stord på mandagar kan ikkje lenger nytta seg av dette flyet då ny avgangstid frå Oslo no er kl. 11.30. Tirsdagar har vi ingen morgonfly til/frå Oslo då DAT nyttar flyet til charterflyging for Forsvaret på strekninga Ørland-Evenes.

Osloruta vår er viktig for det regionale næringslivet med Aker Solutions i spissen.

Lufthamna er viktig for beredskapen i regionen og er ofte besøkt av redningshelikopter og ambulansefly. I oktober i 2020 vart lufthamna nytta som helikopterbase for offshoretrafikk til plattformene i Nordsjøen grunna vektarstreik på Bergen lufthavn, Flesland. Stord lufthamn avlastar Bergen lufthamn med treningsflyging av fly og 2 helikopter.

Utan ei Oslorute med minst 12 rundturar pr. veke er Stord lufthamn si framtid sterkt truga. Kabinfaktoren på Osloruta ligg no på 56%, men det vil enno gå noko tid før ruta igjen kan drivast på kommersiell basis.

For å unngå nye stopp i flytrafikken samt permittering av tilsette må Osloruta snarast inkluderast i statens FOT-ruter. Me har merka oss at rutene på strekninga Stokmarknes-Bodø, Stokmarknes-Tromsø, Ørsta-Volda-Oslo og Florø-Oslo som Widerøe tidlegare flaug på kommersiell basis no er tekne inn som statlege FOT-ruter frå 01. oktober 2021.

Aker Solutions har for tida godt med arbeide. Flyruta Stord-Oslo er såleis svært viktig for å sikre gode vilkår for verftsindustrien i regionen. Talet på privatreisande er aukande.

Med helsing

Sunnhordland lufthavn AS

Dag Aksnes                                                                                         Jan Morten Myklebust

Styreformann                                                                                     Dagleg leiar

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :