For eit comeback!
Med berre ei veke igjen til Stord Airshow, kjem altså gladmeldinga frå Swedish Air Force Historic Flight om at dei no har intensjon om å sende eit anna SAAB SK-60 jetfly til Stord, med same pilot som tidlegare annonsert.
Planen er å gjennomføra ei flyoppvising, men grunna flybyte vil det bli noko tilpassa, og utan røykeffektar.
Me er uansett kjempenøgd med svenskane sine intensjonar, og ser fram til å oppleva SK-60 på Stord for fyrste gong!