Om alt går etter planen vil dei to veteran-jagarflya MiG-15 og Vampire avslutta Stord Airshow sitt flyprogram. Oppvisinga vil då, om vêr og vind spelar på lag, innehalde eit kort innslag av pyrotekniske effektar, som del av ein iscenesett luftoperasjon.
Det er profesjonelle fagfolk frå selskapet ProPyro som står for eksplosjonane. Dei har tidlegare samarbeida med mellom anna Kygo og Tysnesfest.
Under Stord Airshow leverer dei smell og mindre eksplosjonar, medan Flyvåpenets Historiske Skvadron sine jagarfly er i lufta.
Så ta hensyn til høyrsel og inntrykk, spesielt med tanke på dei minste tilskodarane.
Speaker vil informere om det pyrotekniske innslaget i forkant.