I mai månad reiste 1.331 personar med fly over Stord lufthamn, Sørstokken. 1.152 personar nytta seg av DAT (Stordflyet) sine ruteflygingar til/frå Oslo medan 179 nytta seg av Widerøe (Aker Solutions) sine charterflygingar til Polen.

Talet på reisande med DAT (Stordflyet) sine rutefly er veksande. Kabinfaktoren har dei 3 siste vekene vore på over 30%. Når det gjeld Widerøe (Aker Solutions) sine charterflygingar til Polen så har det vore liten aktivitet den siste tida grunna strenge reguleringar på å få ta inn utanlandsk arbeidskraft til Noreg grunna Covid 19. Signala frå Aker Solutions er at det no vil verta regelmessige charterflygingar til Polen annankvar torsdag.

Lufthamnselskapet jobbar no hardt mot Regjering og Storting for å få lyst ut Osloruta på eit nytt statleg anbod.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :