Torsdag kom ein familie med eige jetfly innom Stord lufthamn.
Flyet, ein Cirrus Vision SF50, kom frå Toruń lufthamn i Polen, for å etterfylla drivstoff på Sørstokken.
Om bord var f.v. Michael, Aleksandra, Alicja og Tomek.
Flyet er ein av om lag 700 liknande maskinar produsert av flyprodusenten Cirrus. Det har trykkabin, plass til 6 personar og ein marsjfart på 560 km/t.
Etter ein kaffi- og toalettpause på Stord, fortsatte turen vidare til Reykjavik på Island. Målet til familien er å flyga innom Nuuk på Grønland, og deretter vitja Los Angeles, Las Vegas og Grand Canyon i USA.
Me takkar for besøket og ønsker dei god tur vidare.
Foto: Thomas A. Hjelmen og Øystein Vik
