Anders Lunde Hansen vart i dag årets passasjer nr. 50.000 på Osloruta.
Anders var på Stord i jobbsamanheng og reiste saman med kollegaer.
Anders jobbar i NOV og vitja Stord for fyrste gong i høve levering av modular til Aker Solutions.
Han såg ikkje vekk ifrå at det vart ein del fleire turer til Stord i tida framover.
Anders fekk med seg Gode Ønsker på ferda samt eit gåvekort på 2 gonger tur/retur reiser frå DAT.
Lufthamnselskapet spanderte kake og kaffi på Anders og dei andre reisande.

Foto: Magnhild Agdestein