Denne veka hadde brann- og redningstenesta ein øvelse saman med redningsselskapet. Brann- og redningstenesta på lufthamna deltok med redningsbåten sin og redningsselskapet deltok med MS Sundt.

Øvinga vart utført i mørkret og gjekk mellom anna ut på søk etter sakna person i sjø. Her vart det nytta varmesøkjande kamera. Ein fekk også trena på slep av båt.

Tilbakemelding frå dei tilsette i brann- og redningstenesta på lufthamna var at dette var ein god og lærerik øvelse.

Foto: Jørgen Myklebust

Stikkord :
Del innlegg :