Publisert: 1. juli, 2026

I juni månad nytta 5.852 personar seg av Osloruta til DAT. Samanlikna med same månad i fjor utgjer dette ein auke på 1.022 personar eller 21,2%. Kabinfaktoren var på 86,2%. Dette er ein auke på 4% samanlikna med same månad i fjor.

Fyrste halvår i 2026 har til saman 30.361 personar nytta seg av Osloruta. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 4.971 personar eller 19,6%. Kabinfaktoren var på 79,8%. Dette er ein auke på 10,9% samanlikna med same periode i fjor.

Årsaka til den positive trafikkutviklinga er at flyruta Stord-Oslo no er ein del av dei statlege FOT-rutene noko som betyr rimelege billettprisar, gode rutetider og god frekvens.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :