Frå Swedish Air Force Historic Flight har me fått informasjon om at dei diverre ikkje har anledning å delta med sin SAAB SK 60 under Stord Airshow.

Svenskane kjem med sin SAAB Viggen, og planen er no å delta med deira to-seters jagarfly, i kamuflasjefargar. (Bilete.) Dette er same maskin som vitja Stord Airshow i 2018.

Viggen er elles venta å gjera ei overflyging av rullebanen før dei returnerer til Sverige, så snart flyoppvisingsprogrammet er avslutta.

Stikkord :
Del innlegg :