Lufthamna har nyleg gått til innkjøp av ein brukt sope- og blåsemaskin av typen Øveraasen RS-400.

Den nye sope- og blåsemaskinen vil gjera vintervedlikehaldet langt enklare og bidra til at snø og is raskt og effektivt vert fjerna frå rullebane og taksevegar.

Lufthamna har frå før 2 eldre sope- og blåsemaskinar men desse er no modne for utskifting. 

Ny sope- og blåsemaskin. Foto: Jan Morten Myklebust
Stikkord :
Del innlegg :