I går, tysdag, kom to F-16 frå Luftforsvaret ein snartur innom Stord lufthamn.
Du kan sjå video av forbiflyginga her: https://youtu.be/udO95gCQgsw

Dei to jagarflya skifta posisjon fleire gonger og vinka med vingene då dei passerte. Etterpå satt dei kursen over Utslettefjellet, mot Leirvik, og deretter sørover mot Stavanger.
Flya har truleg delteke i den større militærøvinga «Arctic Challenge Exercise», eller ACE, som den siste tida har funne stad i Nord Noreg.

Luftforsvaret skal etter planen fase ut F-16 frå tenesta innan utgangen av neste år.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :