Styreleiar Dag Aksnes, styremedlem Magne Rommetveit og lufthamnsjef Jan Morten Myklebust var onsdag denne veka i Oslo og hadde møter med Samf.dep. og Arbeidarpartiet på Stortinget vedr. FOT-ruta og drift av Stord lufthamn.
Føremålet med møta var å sikra at flyruta Stord-Oslo også vert inkludert i det neste FOT-rute anbodet, gjeldande frå 01. november 2027 samt å sikra vidare driftsstøtte til Stord lufthamn.
På biletet ser me frå venstre Dag Aksnes, Jan Morten Myklebust og Magne Rommetveit
Foto: Stortinget