Styreleiar og dagleg leiar i lufthamnselskapet har nyleg hatt møte med formannskapet i Stord kommune samt politikarane i Vestland fylkeskommune.

På møta orienterte lufthamnselskapet politikarane om utfordringane som selskapet no har med Osloruta og drifta av Stord lufthamn.

Lufthamnselskapet har søkt fylkeskommunen om eit ekstraordinært Covid-tilskot pålydande kr 3,5 mill. for 2022. Saka skal handsamast i fylkestinget i desember d.å. Stord kommune har bidrege med fritak for arealleige pålydande kr 1,1 mill for 2022.

Samf.dep. har fleire gonger avslått søknad frå lufthamnselskapet om å få flyruta Stord-Oslo inkludert i eit statleg flyrutekjøp. Departementet vil fyrst vurdera å ta inn flyruta vår i samband med utlysing av nye FOT-ruter. Oppstart for desse rutene er sett til 01.04.24. Anbodet gjeld for 3 år.

På møta med eigarane har lufthamnselskapet bedt eigarane utlysa eit anbod på Osloruta gjeldande for 6 mnd.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :