Fly kjem i mange storleikar, og blant desse finn ein modellfly i ulik skala. Under Stord Airshow vil både Bergen Modellflyklubb og Haugaland Modellklubb visa fram fleire av sine modellar, både på bakken og i lufta. 

Eit av høgdepunkta vert etter planen ein BAe Hawk turbinmodell i 1:4 skala (bilete) som vil driva flyoppvising. Flytypen nyttast av fleire oppvisingsteam, mellom anna britiske Red Arrows. Modellen som kjem til Stord Airshow er nærare 3 meter i lengde, og har ei vekt på nesten 20kg.

For meir info. sjå http://www.stordairshow.no

Foto: Lars Henrik Kjølberg

Stikkord :
Del innlegg :