Frå Flyvåpenets Historiske Skvadron på Rygge kjem eit klassisk jagarfly av typen MiG-15. Flytypen vart bygd av Sovjetunionen under den kalde krigen.

Då ein Nord Koreansk flygar valde å flykta frå landet med ein MiG-15, flaug han til Sør-Korea, der amerikanarane overtok flyet og kledde det i sine eigne fargar. Flyet frå Rygge har difor US Air Force merker, og kjem til å flyga oppvisning på Stord for fyrste gong 31. mai.

Det kan nemnast at flyet er lagt ut for sal, og at dette difor kan vera fyrste og siste høve til å oppleva ein MiG på Sørstokken.

For meir info sjå http://stordairshow.no

Foto: FHS

Stikkord :
Del innlegg :