Eit redningshelikopter frå forsvarets 330 skvadron var fredag 17. februar innom flyplassen for Hot-refueling, i samband med eit oppdrag. Det vil seie at det blir etterfylt drivstoff medan helikopteret held motorane i gang.
Både helikopteret og DAT sitt rutefly var innom lufthamna rundt same tid, medan det blåste 57 knop (29m/s) i kasta.
Begge luftfartøya handterte vinden utan problem.
Foto: Thomas A. Hjelmen