I førre veke fekk Stord lufthamn besøk av eit Bell 205A-1 helikopter frå selskapet HeliScan.

Bell 205 er den sivile versjonen av dei militære UH-1 «Huey» helikoptra som USA nytta under Vietnamkrigen. Begge helikoptertypane har to store rotorblad som gir den ikoniske lyden mange kjenner igjen frå film og TV.

Dette helikopteret kom frå Ålesund lufthavn, Vigra, og fortsette til Stavanger lufthavn, Sola etter fylling av drivstoff på Stord.

Du kan sjå video frå besøket her: https://youtu.be/gTuikgkYvOU

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :