Eit Leonardo AW159 Wildcat helikopter frå Britiske Royal Navy var tysdag innom Stord lufthamn for å fylla drivstoff. I tillegg nytta mannskapet på 4 anledninga til å ta seg ein god pause og eit måltid i terminalbygget.
I denne filmsnutten kan du sjå helikopteret starta opp og løfte frå lufthamna: https://youtu.be/enXhDJuMkZo
Helikopteret har base ved RNAS Yeovilton i Somerset, sør-vest i England. Det er ein av landets travlaste militærbasar, med meir enn 100 luftfartøy av typen AW159 Wildcat og AW101 Merlin.
Berre 5 km unna ligg fabrikken til Leonardo, tidlegare Westland, som har produsert begge helikoptertypane.
Det er her det Norske Luftforsvarets Sea King og AW101 SAR Queen helikopter er bygd.
Foto: Thomas A. Hjelmen