DAT flyg for tida eit redusert ruteprogram. Likevel vart det i juli registrert 3.618 reisande på ruta mellom Stord og Oslo. Dette tilsvarer ein kabinfaktor på 73%.
Samanlikna med same periode i fjor utgjer dette ein auke på 612 personar, eller 20,4%.
Det blir normalt ruteprogram att f.o.m. veke 33, og DAT vil då auka frekvensen med 4 ekstra rotasjonar i veka.
For bestilling av billett: https://dat.dk/no/
Foto: Thomas A. Hjelmen