Publisert: 1. mai, 2026

Vestland fylkeskommune ber staten justere konkurransegrunnlaget for dei regionale flyrutene i
Sør-Noreg, slik at FOT-rutetilbodet i Vestland minst vert oppretthalde på dagens nivå.

FOT-rutene og dei regionale lufthamnene er ein avgjerande del av transporttilbodet i Vestland. Dei
er viktige for innbyggjarar, næringsliv, busetjing, verdiskaping, beredskap og tilgang til offentlege
tenester. Eit godt og føreseieleg flytilbod er særleg viktig i distrikta og langs kysten, der avstandane
er store og alternative reisemåtar ofte tek lang tid.

Vestland fylkeskommune viser til høyringsuttalen frå desember 2025, der fylkesutvalet var tydeleg
på at dagens flyplasstruktur, frekvens og kapasitet på FOT-rutene som eit minimum må
vidareførast. Fylkesutvalet peika også på at staten må ta omsyn til næringsmessige,
distriktspolitiske og beredskapsmessige konsekvensar, ikkje berre snevre samfunnsøkonomiske
analysar.

Vestland fylkeskommune ber regjeringa gjere følgjande endringar:

  1. Setekapasitet og frekvens må minst vidareførast på dagens nivå.
  2. Prisauken på FOT-rutene må følgje KPI, slik at rutene framleis er tilgjengelege for innbyggjarar,
    pasientar, pendlarar, studentar og næringsliv.
  3. Florø–Oslo må sikrast på minst dagens nivå. Det er særleg alvorleg at konkurransegrunnlaget
    opnar for ein kraftig reduksjon i ruteproduksjonen på Florø–Oslo. Ruta er avgjerande for kysten,
    næringslivet, offentlege tenester og beredskap, og må minst vidareførast på dagens nivå.
  4. Ruta Stord-Oslo må vidareførast minimum på nivået det er no, for å sikre mobilitet, kompetanse
    og verdiskaping i Sunnhordlandsregionen.
  5. Førde–Oslo må sikrast som i dag, som eit minimum.
  6. Florø–Bergen og Førde–Bergen må inn i FOT-systemet. Bergen er det viktigaste regionale
    knutepunktet for store delar av Vestland. Høge billettprisar gjer i dag at mange vel
    Oslo/Gardermoen framfor Bergen, noko som svekkjer Vestlandet som samla bu-, arbeids- og
    næringsregion.
    Vestland fylkeskommune ber difor regjeringa justere konkurransegrunnlaget i tråd med
    fylkeskommunen si høyringsuttale, og sikre eit FOT-rutetilbod som styrkjer mobilitet, beredskap,
    busetjing og verdiskaping i heile Vestland.

Foto: Stord lufthamn

Stikkord :
Del innlegg :