Eit Leonardo AW101 «SAR Queen» helikopter frå forsvarets 330 skvadron var tysdag innom lufthamna.
Mannskapet om bord hadde delteke i ei øving saman med Redningsselskapet og MS Sunnhordland på Leirvik, og kom til Sørstokken med markørar frå Stord folkehøgskule, som dei hadde heisa opp frå ein redningsflåte.
Etter markørane hadde gått i land, returnerte helikopter og mannskap til basen på Stavanger lufthavn – Sola.
Foto: Thomas A. Hjelmen