Onsdag 15. mars vart ein gledens dag ved Stord lufthamn.

Statssekretær Jakob Bjelland kom med flyet frå Oslo og hadde i bagasjen med seg ein bodskap som lufthamna har venta og håpa på i lang tid;

«I etterkant av pandemien har det kommersielle flyrutetilbodet mellom Stord og Oslo blitt svekka. Dette har medført lokale ønske om at flyruta vert inkludert i FOT-ordninga for å sikra eit føreseieleg flyrutetilbod. Regjeringa har merka seg dette og ruta vert no ein del av utlysinga i det statlege FOT-rute anbodet for Sør-Noreg med oppstart 1. april 2024.»

Dette betyr at det det er venta minst to rotasjonar på strekninga Stord – Oslo v.v. 6 dagar i veka. Kontrakten på anbodsruta vil gjelda 3 år fram i tid, altså til april 2027.

Arbeidet med å sikre ein god nok frekvens på flyruta i perioden fram til 1. april neste år, er allereie godt i gang.

Håpet er at ei avklaring på dette kjem på plass snarast råd.

På biletet ser vi frå venstre statssekretær Jakob Bjelland, ordførar Gaute Epland, varaordførar Nancy Aasheim, styreleiar Dag Jarle Aksnes og lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :