Samf.dep. lyste nyleg ut nytt FOT-rute anbod for flyruter i Sør-Noreg. Anbodet gjeld for perioden 01. november 2027 til og med 31. oktober 2031.
Sunnhordland lufthavn AS fekk etter ei tid med uvisse endeleg bekrefta at flyruta Stord-Oslo v.v. var inkludert i det nye anbodet.
Ruteføring
Måndag–fredag:
Det skal vera minst to daglege avgangar i begge retningar.
Laurdag–søndag:
Det skal vere minst to avgangar i begge retningar laurdag og søndag samla.
Rutetider
Måndag–fredag:
Frå Stord:
– Fyrste landing i Oslo skal vera seinast kl. 08:00.
Til Stord:
– Siste avgang frå Oslo skal vere tidlegast kl. 17:00.
Tilbydt setekapasitet skal vere minst 27 800 sete per år i kvar retning.
I dagens anbod er kravet til setekapasitet 36.500 seter i kvar retning. Lufthamnselskapet vil jobba politisk for at dagens setekapasitet vart vidareført også i det nye anbodet.
Foto: Stord lufthamn