Flyplassmila 2024, arrangert av Stord Friidrett, gjekk av stabelen på lufthamna laurdag 21. september.
Om lag 380 personar var påmelde til 10km, 5km, og barneløp, noko som er rekord på dei åra arrangementet har funne stad på Stord lufthamn, Sørstokken. Løparane måtte denne gong dela rullebanen med tåka, utan at dette såg ut til å skape nemneverdige utfordringar.
Foto: Jan Morten Myklebust