I veke 19 nytta 293 personar seg av Stordflyet si Oslorute. Dette utgjer ein kabinfaktor på 30,3%. Staten inkluderte Osloruta i sine flykjøp og ruta starta opp 12. april d.å. Den fyrste veka var kabinfaktoren på 12,8%. Trafikkutviklinga er såleis positiv og lufthamnselskapet jobbar no for at staten skal lysa ut eit nytt anbod på ruta med verknad frå 01. juli og ut året. Vidare ynskjer lufthamnselskapet ein opsjon på ytterlegare 6 månader.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :