Lufthamna fekk i dag besøk av ein flott businessjet. Flyet var av typen Falcon 8X produsert av Dassault Aviation og operert av Sundt Air. Flyet kom i dag tidleg til Stord lufthamn frå OSL. Etter nokre timar på bakken fortsette flyet frå Stord lufthamn til Paris, Villaroche airport.
Flyet som gjesta lufthamna i dag vart produsert i 2019. Maksimum avgangsvekt er 33.112 kg. Maks fart er Mach 0,90. Maks rekkevidde er 11.945 km. Maks høgde som flyet kan fly i er 51.000 fot. Flyet har 3 motorar av typen Pratt & Whitney PW307D. Flyet kan ta mellom 12 og 16 passasjerar.
Foto: Magnhild Agdestein