Mandag landa det for fyrste gong eit heilelektrisk fraktfly på Stord lufthamn. Flyet, ein Beta Alia CX300, er operert av Bristow som primært driv offshore-helikopterflygingar.

Bak spakene satt Nate Dubie frå Beta Technologies og Jeremy Degagne frå Bristow. Dei har gjennomført fleire testflygingar med maskinen med base på Stavanger lufthavn – Sola. Denne dagen gjekk turen frå Sola til Flesland, med ei mellomlanding på Stord for lading av batteriet.

Beta Alia CX300 kan ladast opp på under ein time og har ei rekkevidde på meir enn 620km. Toppfarten ligg på 153 knop, om lag 283km/t, og flyet kan ha med seg ei last på i overkant av 600kg.

I framtida vil flyet operera faste fraktflygingar mellom Bergen og Stavanger, med Stord som alternativ landingsplass.

I denne filmsnutten kan du sjå den historiske landinga på Sørstokken.

Foto og video: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :