Publisert: 1. mai, 2026

I april nytta 5.137 personar seg av flyruta Stord-Oslo v.v. Samanlikna med samme månad i fjor utgjer dette ein auke på 828 personar eller 19,2%.

I perioden januar-april i år har 19.157 personar nytta seg av Osloruta. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 3.194 personar eller 20%.

Årsak til den positive trafikkutviklinga er at flyruta Stord-Oslo v.v. no er ein del av dei statlege FOT-rutene, noko som betyr konkurransedyktige billettprisar, gode rutetider og god frekvens.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :