Lufthamna hadde i dag 2 charterflygingar til Polen. Det fyrste flyet tok av kl. 07:00 til Gdansk via Stavanger – Sola (for fuel stop) med 78 passasjerar ombord. Det andre flyet tok av frå Stord kl. 11:12 og hadde med seg 38 passasjerar til Krakow.

Widerøe var ansvarleg for transporten og nytta seg av flytypen Dash-8Q400 med 78 passasjerseter. Passasjerane var polske gjestearbeidarar som jobbar på verftet til Aker Solutions på Stord.

Foto: Thomas A. Hjelmen

Stikkord :
Del innlegg :