Kundeservice : +47 53 40 37 00

Dei tilsette i brann- og redningstenesta på Stord lufthamn nyttar treningsfeltet til København lufthavn, Kastrup til oppdateringskurs. Denne veka har 4 av dei tilsette vore på kurs i København.

På treningsfeltet i København får dei tilsette i brann- og redningstenesta på Stord lufthamn god trening i sløkking av flybrannar samt røykdykking.

På biletet ser me frå venstre: Bjørnar Hatlevik, Audun Lund Eik, Jan Henrik Kyvik og Jens Seth Wibling.

Foto: Audun Lund Eik

Stikkord :
Del innlegg :