Dei tilsette i brann- og redningstenesta på Stord lufthamn øver regelmessig.
Ein gong i kvartalet reiser dei til Haugesund lufthamn, Karmøy for å øva på treningsfeltet som Avinor har der. I tillegg nyttar dei tilsette i brann- og redningstenesta seg også av treningsfeltet til Kastrup lufthavn i København. Andre mindre øvingar vert utført lokalt på Stord lufthamn.
Brann- og redningstenesta på Stord lufthamn er såleis godt trente om ei eventuell ulukke skulle finna stad på Stord lufthamn.
Foto: Stord lufthamn