I juli månad nytta 3.006 personar seg av DAT si Oslorute. Kabinfaktoren var på 59,1%. Sidan oppstarten av FOT-ruta i april har over 14.000 personar nytta seg av Osloruta.
I sommar har det vore eit redusert ruteprogram på Osloruta. Talet på rundturar pr. veke har vore 12 mot normalt 15. Frå og med veke 34 flyg DAT igjen normalt flyprogram på Osloruta.
Foto: Thomas A. Hjelmen